Back to All Events

Ferdamann


Me kan med stor gleda presentera Ferdamann laurdag 28. oktober. 

Det blir andre konserten inne i festsalen sida Mods var der i juni. Me veit at lokalet er perfekt til musikk, det blir enda betre når alle våre fine gjester kjem.

Ferdamann er eit band frå Nordhordaland som har gitt ut to album, "Dagane" 2005 og "Ferdamann" 2016..Ferdamann si første plate er blitt spelt mykje på P1 og andre radiostasjoner, Sommeren 2016 kom sommersingelen, "Kaktusen" på Spotify. Ferdamann er først og fremst eit godt liveband som skaper stemning med eit variert reportuar. Ferdamann skriv på Norsk og både tekst og melodi blir ført i pennen av Vokalist Knut Gunnarson Haugland. Dei andre medlemma i Ferdamann er: Jan Gunnar Rosseland på gitar, Frode Andreassen på trommer og Jostein Fonnes på bass.

Me gler oss til ein makalus kveld med mykje god musikk og dans! 

Konsertstart: kl 22:00 Slutt: 00:30.
Pris: 200,- pluss billettavgift. Kjøp billett her: http://mandelhuset.ticketco.no/ferdamann

Later Event: November 11
Sigrid Moldestad