Historia til Mandelhuset

Huset som i dag er "Mandelhuset", vart reist av Samuel Samuelsen Leigland (1853 - 1933) i oppdrag av Kristoffer Berntin Johnsen (1880 - 1953). Bruket vart delt frå br. 6 i 1920, med 2 øre i skuld. Her vart det bygd kai for ekspedisjon av Midthordlandske Dampskibsselskab, og i 1923 blei det tatt i bruk som eit handels- og bustadhus.

 MS Midthordland til kai, laurdag i juli rundt 1960.

MS Midthordland til kai, laurdag i juli rundt 1960.

Kristoffer Berntin Johnsen arbeida i handelslagsbua etter svigerfaren frå 1915, men vart sagt opp i 1920. Deretter leiga han lokale hos Ole Bruntveit i tre år, fram til eigen butikk (Mandelhuset) stod  klar i 1923. Svigerfar til Kristoffer hadde alt byrja å ekspedera Midthordlandske - på Handelslagsbrygjo - og Kristoffer haldt fram med ekspedisjonen av dette selskapet i tillegg til landhandelen.

I 1959 overtok son til Kristoffer, Kåre Johnsen, bruket. Han restaurerte handelshuset i 1960, og dreiv då landhandelen nokre år. Han ekspederte Midthordlandske Dampskibsselskap AS fram til 1961, då selskapet gjekk inn i HSD. Både før og etter reiste Kåre Johnsen til sjøs som stuert. 

Torvald Hillesvik overtok bruket i 1967, og tok over butikken etter Kåre pr. 1/1-1968. Han og kona Nelly, dreiv framleis handel på Uggdalseidet nokre år. Frå 1973 hadde dei berre forretninga i Våge, der dei og budde.   

Etter at drifta av landhandel på kaien i Våge vart lagt ned i 1993, stod butikklokala tomme. Det var då Liv og Arvid Arnesen tenkte at plassen hadde ein flott og sentral lokalisering, til å lage ein koseleg og maritim restaurant.

"Mandelhuset" var ei etablert familiebedrift i Bergen, med produksjon og sal av sukkervarer og brente mandlar, derav namnet.  Då Mandelhuset AS i 1995 starta sin restaurantdrift i Våge, var bedrifta eigd av Liv og Arvid Arnesen og Randi Beate Bjørge. Restauranten sitt namn var då tenkt å vera:  “Ett rom og kjøkken”. Dette namnet blei aldri noko suksess, og “Mandelhuset”, ”Mandelen” og ”Mandelstova” var det som blei mest brukt på bygda.

Midthordland til kai i 1997

I 2003 fekk Mandelhuset nye eigar, då drifta vart solgt til Waldemar Solheim, som igjen selde til Christine Bakkane og Tor Erik Thunold. Same året selde Thorleif Hillesvik bruket til Karl Åge Tvedt.

To år seinare, i 2005, overtok Sigvard Madsen, Anders Dalland og Morten Storetvedt drifta. Dei haldt på i eitt år, før Dalland og Storetvedt trakk seg ut. Sigvard fekk med bror sin, Patrick Madsen, og dei neste åra videreutvikla brørne restauranten og selskapslokala.

Sigvard og Patrick kjøpte seg så inn i bruket,  saman med Karl Åge Tvedt i 2012. 

I 2017 bestemte dei seg for å fortsetta utivdinga av Mandelhuset. Ein ny festsal, nytt kjøken og ein stor takterasse vart reist i perioden 26. desember 2016 - 10. juni 2017. Byggeoppdraget gjekk til Leigland Bygg, eigd av Mikal Leigland (oldebarn av Samuel Samuelsen Leigland).  

I dag er Mandelhuset i dagleg drift, restauranten er ope heile året og er blitt ei lærebedrift. Servering og selskap er hovudgeskjeften, men puben er òg ein viktig del av Mandelhuset. 

For Mandelhuset vil alltid lokalsumfunnet stå i høgsete. Det å vera del av ein levande kystkultur, har eigarane av Mandelhuset nært til hjarta.

Mandelhuset 2017