Om oss

Mandelhuset ligg i hjarta av Våge og ventar på deg blant sjø og fjæra i flotte maritime omgivnader. Det er ei perle blant sjøhus som berre må opplevast.

Ein omfattande oppussingsjobb vart gjort i 2007 . Innvendig vart det nærmast totalrenovert og nytt uteareal vart til. Samstundes som det har blitt endringar her, ønskjer me og å ta vare på det som har vore. Me kan ikkje gløyma det maritime preget som er grunnsteinen i Mandelhuset.


Sjøhuset sto klart mai 2009 og er blitt eit selskapslokale me kan ver stolt over. Det er ei gleda å invitera gjester inn i Sjøhuset.


Driften i dag er leia av kjøkkensjefen vår Ronnie Landmann og medeigarar Sigvard og Patrick Madsen. Mandelhuset AS er eigd av Sigvard Madsen, Karl Åge Tvedt og Patrick Madsen.

  Mandelhuset har ope heile året no, men med nedskrudde opningstider på vinterhalvåret. Det er ei lukka å få driva på Tysnes blant så mykje flott folk, det er verkeleg ei gleda å ver til på gudeøya vår. Driften blir betre for kvart år som går, bestillinger av selskap tar seg opp, samstundes som driften av restauranten og pub`n går jamnt og trutt.


Mandelhuset blir stadig betre og bidreg med fleire gode tilbod på vakre Vestlandet. Me følgjer eit enkelt motto om kontinuerlig forbedring, og vil gjer vårt yttarste får å gjer gjestane våre fornøyde. Det er dei som står i høgsetet, og det vil dei alltid gjer!