Våge Hamn, Tysnes. Foto Gro Røhne Andersen.jpg
 

 

Restaurant og bar, med kjærleik for det lokale

 

Du finn oss i sjøkanten i Våge på Tysnes øy, 

 

Mandelhuset, ein restaurant tufta på sterke tradisjonar og historia frå lokalsamfunnet og kystkulturen på Tysnes. 
Eit hus der det gamle er tatt vare på, samstundes som det har utvikla seg til eit bygg som vil stå inn i framtida. Me har eit godt norsk kjøken som tar vare på dei beste
smakane frå vestlandet. Me meiner eit måltid skal ver ein oppleving uansett om det er til kvardag eller fest. 

Her er du velkommen, her kan du slappa av, senka skuldrane og nyta sjøluften, her kan de kosa dykk.

Me har tre lokaler; 
Festsalen: Nybygg frå 2017 utsmykket med lokal kunst, velurgardiner og rustikke bord. Plass til 70 gjestar, kan stenges heilt av frå resten, eigen inngong og toalett.
Hovedhuset, gamle handelstanden: "puben" med bar. Plass til 40 gjestar.
Sjøhuset, selskapslokalet som tidligere var lageret til handelstanden og fjordabåtane. Plass til 20 gjestar, er eit bygg for sjeg sjølv, men har ikkje eigene toalett.


 

 

 

 

 
 

tlf/epost

53 43 21 00 Restaurant

48 19 83 46 Patrick/dagleg leiar

booking@mandelhuset.no

 

adresse

Hegglandsvegen 4
5680 Tysnes

 

ope

Kjøkken:

Torsdag: 16:00-20:00
Fredag: 16:00 - 21:00
Laurdag: 13:00 - 21:00
Søndag: 13:00 - 20:00

Bar:
Fredag: 01:00
Lørdag: 02:00
 

Bestillingar / Reservations

Bestilling av selskap, me har plass til 25 gjestar i Sjøhuset, 72 gjestar i nye restauranten og opp til 50 gjestar. inne i gamle butikklokalet (Mandelhuset). 

 

Navn\Name *
Navn\Name
Dato
Dato
Alternativer

bord Reservasjon

Ring (+47) 53432100. eller epost: booking@mandelhuset.no

Bordreservesjon for grupper på 6 eller meir.
Reservations required for parties of 6 or more.

Vårt kjøken

Kjøkenet til Mandelhsuet er eit godt, solid, norsk kjøken. Me har gjestane i høgsetet i alt me gjer, derfor velger me kun dei beste råvarer og bruker alltid den tid og tilberedning som behøves. Ingen snarveger er lov, alt blir gjort frå bunn av, med kjærleik. 
 

Kvar veka vil du finna ein ny tre-retter som er komponert ut frå sesongens råvarer. Det gjer me for å alltid ha noke nytt til gjestane våre, du kan og ta den som ein to-rettar,  

Me har og ein fast À la carte, den skifter me ut rettane på fira gongar i året, nokre rettar, som hamburgeren og fiskesuppa vil de sjå att på dei forskjellige menyane.

Ta kontakt med vår booking-ansvarlige, Camilla på epost: camilla@mandelhuset.no eller tlf.: 40 16 26 08

IMG_0807.jpg

Historia om Mandelhuset

LENGE HAR HUSET STÅTT, HER ER HISTORIa OM STORT OG SMÅTT.

Huset som i dag er Mandelhuset har sjølvsagt ikkje alltid vore det. Bruket vart delt frå br. 6 i 1920, med 2 øre i skuld. Her vart det bygd kai for ekspedisjon av Midthordlandske Dampskibsselskab AS og i 1923 blei det tatt i bruk som eit handels- og bustadhus.

Kristoffer Berntin Johnsen (1880 - 1953) fekk skøyte i 1920 og bygde kai her straks etter. Han hadde handla i handelslagsbua etter svigerfaren frå 1915, men vart sagt opp der i 1920. Då leigde han lokale hos Ole Bruntveit i tre år, fram til eigen butikk stod klar i 1923. Svigerfar til Kristoffer hadde alt byrja å ekspedera Midthordlandske - på Handelslagsbrygjo - og Kristoffer heldt fram med ekspedisjonen av dette selskapet i tillegg til landhandelen.

I 1959 fekk son til Kristoffer, Kåre Johnsen, skøyte på bruket. Han restaurerte handelshuset i 1960 og dreiv då landhandelen nokre år. Han ekspederte Midthordlandske Dampskibsselskap AS fram til 1961, då selskapet gjekk inn i HSD. Både før og etter reiste Kåre Johnsen til sjøs som stuert. 

Torvald Hillesvik fekk skøyte på bruket i 1967 og overtok butikken etter Kåre pr. 1/1-1968. Han og kona Nelly dreiv framleis handel på Uggdalseidet nokre år, men frå 1973 hadde dei berre forretninga i Våge, der dei og budde.   

Etter at drifta av landhandel på kaien i Våge ble lagt ned i 1993, stod butikklokala tomme. Det var når Liv og Arvid Arnesen stod i fergjekøen i den perioden, at planen om å opna restaurant kom internt i familien. Plassen hadde ein flott og sentral lokalisering for å lage ein koseleg og maritim restaurant.

Mandelhuset var ein familiebedrift som allereie den gong var i drift i Bergen, med sal av sukkervarer og produksjon og sal av brente mandlar, derav namnet. Familien gjekk med tankar om å ekspandera drifta. Bedrifta var eigd av Liv og Arvid Arnesen og Randi Beate Bjørge. Då Mandelhuset AS i 1995 starta sin restaurantdrift i Våge, var restauranten sin eigentlege namn tenkt til å vere  “Ett romog kjøkken”. Dette namnet blei ikkje noko suksess, og “Mandelhuset”, ” Mandelen” og ”Mandelstova” var det som blei mest brukt på bygda.

Lokala blei pussa opp og omgjort til restaurant, og selskapet fekk skjenkeløyve. Etter vel eit års drift fekk Mandelhuset løyve til uteservering på kaien.

Drifta blei tufta på høg eigeninnsats og ståpåvilje av eigarane, og etter som åra gjekk blei Mandelhuset ein populær plass for alle.

Mandelhusethadde klort seg fast hos tysnesingane og for båtfolket blei dette “stoppet” også en naturlig del av båtturen. Mandelhuset hadde mange trufaste gjester, sommar som vinter, og utan dei hadde historia vore ein heilt anna.

Mandelhuset hadde grunnlag forheilårsdrift og ble også nytta til feiringar av ulike arrangement som konfirmasjonar, bryllaup, runde og halvrunde dagar.

 

 

 

I 2003 fekk Mandelhuset nye eigarar, då drifta blei selt til Waldemar Solheim, som igjen selde til Christine Bakkane og Tor Erik Thunold. Same året selde Thorleif Hillesvik bruket til Karl Åge Tvedt.

Sigvard Madsen, Anders Dalland og Morten Storetvedt overtok drifta i 2005. Dei heldt på i eitt år før Dalland og Storetvedt trakk seg ut. Sigvard fekk med seg Patrick Madsen, og dei neste åra brukte dei på å utvikle plassen til å bli restaurant og selskapslokale.

Sigvard og Patrick kjøpte seg inn i bruket saman med Karl Åge Tvedt i 2012. I dag er Mandelhuset i dagleg drift, og restauranten er open store deler av året. Servering og selskap er hovudgeskjeften, men puben er òg ein viktig del av Mandelhuset.

 

Me er stolt over Mandelhuset og kjem til å fortsetta å halda liv i gamle huset til Johnsen så lenge me har helsa til det.
— Patrick Madsen, dagleg leiar.
Mandelhuset 1925