À la carte

À la carte-menyen vår, bygger på "vårt daglege brød" - dei små, men vesentlege gledane i kvardagen. Me trur at dagleglivet blir rikare med felles måltider i godt selskap. Derfor vonar me at Mandelhuset er og blir ein stad kor folk treffast for å dela ei god matoppleving. Me legg vekt på fagkunnskap og kjærlighet når me lagar maten vår, som skal være både gjenkjennbar og klassisk, samstundes som me skal prøva ut nye ting. Målet er at kvar rett skal overraske litt, og tilby noko spesielt ein ikkje finn heime.

Me ønskjer deg velkommen til ei god matoppleving på Mandelhuset.

Våre selskapslokaler.

  • Butikken

    HOVEDHUSET, GAMLE BUTIKKEN TIL KÅRE JOHNSEN

    Det opprinelige huset frå 1923, nyttast til restaurant og bar til dagen, men kan og nyttast til lukka selskap.

  • Festsalen

    NYBYGGET FRÅ 2017

    Festsal utsmykka med lokal kunst, velurgardiner og rustikke bord. Plass til 70 gjestar, kan lukkast heilt av frå resten.

  • Sjøhuset

    CHAMBRE SÉPARÉE

    Sjøhuset, tidlegare lager til butikken, vart bygga om til selskapslokale i 2009. Plass til 20 gjestar. Eit bygg for seg sjølv.

  • Naustet

    VÅRT NYE CHAMBRE SÉPARÉE

    Naustet har stått på nabotomten sida 1920. I 2020 forvandlet me det til ein koseleg stova, perfekt til selskap og glede.