À la carte - Julemeny - meny er gjeldende frå 6. nov.

Julen er ei tid for samling og tradisjonar, og me ønskjer å by på ein julemeny som speglar nettopp det. Med pinnekjøtt, lutafisk og ribba av høgste kvalitet, legg me vekt på å servera dei beste versjonane av dei rettane som varmer hjarta, sjelen og magen.

Samstundes held me fram med å tilby vår à la carte-meny, som bygger på konseptet "vårt daglege brød". Me trur på dei små, men vesentlege gledane i kvardagen, og at dagleglivet blir rikare med felles måltider i godt selskap.

På Mandelhuset fokuserar me på fagkunnskap og kjærlighet i matlaginga. Kvar rett me serverar skal være gjenkjennbar og klassisk, men samstundes skal me prøva ut nye ting. Målet er å overraske deg litt; å tilby noko spesielt som du ikkje finn heime.

Me ser fram til å dela denne spesielle tida av året med deg, og ønskjer deg velkommen til ei god matoppleving hos Mandelhuset.

Bestill bord

Våre selskapslokaler.

  • Butikken

    HOVEDHUSET, GAMLE BUTIKKEN TIL KÅRE JOHNSEN

    Det opprinelige huset frå 1923, nyttast til restaurant og bar til dagen, men kan og nyttast til lukka selskap.

  • Festsalen

    NYBYGGET FRÅ 2017

    Festsal utsmykka med lokal kunst, velurgardiner og rustikke bord. Plass til 70 gjestar, kan lukkast heilt av frå resten.

  • Sjøhuset

    CHAMBRE SÉPARÉE

    Sjøhuset, tidlegare lager til butikken, vart bygga om til selskapslokale i 2009. Plass til 20 gjestar. Eit bygg for seg sjølv.

  • Naustet

    VÅRT NYE CHAMBRE SÉPARÉE

    Naustet har stått på nabotomten sida 1920. I 2020 forvandlet me det til ein koseleg stova, perfekt til selskap og glede.