Velkommen til Winemakers dinner med Domaine de Saint Amand og Sarah Simon!
Fredag 9. mai inviterer Mandelhuset deg til ein heilt spesiell kveld, der kjærelik for mat møtar fantastiske vinar frå hjartet av Bordeaux.
Me får besøk av Sarah Simon frå Domaine de Saint Amand, eit lite, men svært kvalitetsbevisst vinhus med ein vakker beliggenheit langs Garonne-elva, berre 15 minutt frå Bordeaux by. Med sine 3,2 hektar driv Sarah økologisk vinproduksjon med sertifisering både som HEV (High Environmental Value) og økologisk frå 2024.
Sarah er lidenskapeleg engasjert i heile prosessen frå druene vert plukka, til vinen er klar på flaskene. Ho kombinerer moderne tilnærming med tradisjonelle Bordeaux-metodar, og resultatet er balanserte, autentiske og drikkevenlege vinar.
Vinane frå Domaine de Saint Amand blir importerte til Noreg av Solmimosa AS, som sidan 2022 har hatt gleda av å representera dette spennande vinhuset. Bak Solmimosa står tidlegare stortingsrepresentant og statsråd Solveig Horne, som starta selskapet i 2021. Solmimosa representerer fleire dyktige kvinnelege vinprodusentar frå Frankrike, og satsar spesielt på vinar med særpreg og høg kvalitet.
I løpet av kvelden vil Sarah presentera utvalde vinar saman med ein skreddarsydd meny laga spesielt for å løfta fram aroma og smak frå dei ulike vinane. Dette blir ei unik anledning til å læra meir om vinmaking direkte frå produsenten sjølv, og ikkje minst nyta godt selskap rundt bordet.
Dato: Fredag 9. mai
Ankomst kl. 18:30 | Til bords kl. 19:00
Pris: 1350,- (tre-retter og 4 viner pluss velkomst.)
Booking: booking@mandelhuset.no
Velkommen til ein smakfull kveld med gode historier, fantastisk vin og herleg stemning på Mandelhuset!