Historia vår

Frå handelshus og dampskipsekspedisjon i 1923 til restaurant- og selskapsdestinasjon i dag. Mandelhuset har vore – og kjem alltid til å vera – ein del av kystkulturen på Tysnes. Hovudfokuset vårt er det same i dag som før: trivsel, god mat og god stemning.

Handelshuset (1920–1967)

Huset som i dag er Mandelhuset, har sjølvsagt ikkje alltid vore restaurant. Bruket vart skilt ut frå bruk nr. 6 i 1920, med to øre i skyld. Kristoffer Berntin Johnsen (1880–1953) fekk skøyte same året og bygde kai her straks etter – ein kai for ekspedisjon av Det Midthordlandske Dampskibsselskab.

Kristoffer hadde drive handel i handelslagsbua etter svigerfaren frå 1915, men vart sagt opp i 1920. Då leigde han lokale hjå Ole Bruntveit i tre år, fram til hans eigen butikk stod ferdig i 1923. Svigerfaren hadde alt byrja å ekspedera Midthordlandske – på Handelslagsbryggja – og Kristoffer heldt fram med denne ekspedisjonen ved sida av landhandelen.

I 1959 fekk sonen, Kåre Johnsen, skøyte på bruket. Han restaurerte handelshuset i 1960 og dreiv landhandelen nokre år. Kåre ekspederte Det Midthordlandske Dampskibsselskab fram til kring 1961; selskapet gjekk inn i HSD i 1962. Både før og etter reiste han til sjøs som stuert.

Ny handelsmann (1967–1994)

Torvald Hillesvik fekk skøyte på bruket i 1967 og overtok butikken etter Kåre frå 1. januar 1968. Han og kona Nelly dreiv framleis handel på Uggdalseidet nokre år, men frå 1973 hadde dei berre forretninga i Våge – der dei òg budde.

Då landhandelen på kaien i Våge vart lagd ned i 1994, stod butikklokala tomme.

Restauranten blir til (1995)

Det var medan Liv og Arvid Arnesen stod i ferjekøen i denne perioden, at tanken om å opna restaurant melde seg i familien. Plassen hadde ei vakker og sentral plassering – som skapt for ein koseleg, maritim restaurant.

Mandelhuset var ei familiebedrift som alt var i drift i Bergen, med sal av sukkervarer og produksjon av brente mandlar – derav namnet. Bedrifta, eigd av Liv og Arvid Arnesen og Randi Beate Bjørge, gjekk med tankar om å utvida.

Då Mandelhuset AS i 1995 starta restaurantdrift i Våge, var det eigentleg tenkt at restauranten skulle heita «Eitt rom og kjøkken». Det namnet slo ikkje an, og på bygda vart det helst «Mandelhuset», «Mandelen» eller «Mandelstova» som feste seg.

Lokala vart pussa opp og gjorde om til restaurant, og selskapet fekk skjenkeløyve. Etter vel eitt års drift fekk Mandelhuset òg løyve til uteservering på kaien.

Ein folkekjær møteplass

Drifta var tufta på høg eigeninnsats og ståpåvilje, og etter kvart vart Mandelhuset ein populær plass for alle. Staden klora seg fast hjå tysnesingane, og for båtfolket vart «stoppet» ein naturleg del av båtturen. Mandelhuset fekk mange trufaste gjester, sommar som vinter – og utan dei hadde historia vore ei heilt anna.

Med grunnlag for heilårsdrift vart huset òg ein stad for å feira livet: konfirmasjonar, bryllaup, runde og halvrunde dagar.

Nye krefter (2003–2012)

I 2003 fekk Mandelhuset nye eigarar då drifta vart seld til Waldemar Solheim, som i sin tur selde til Christine Bakkane og Tor Erik Thunold. Same året selde Torleif Hillesvik bruket til Karl Åge Tvedt.

Sigvard Madsen, Anders Dalland og Morten Storetvedt overtok drifta i 2005. Dei heldt på eitt år før Dalland og Storetvedt trekte seg ut. Sigvard fekk med seg Patrick Madsen, og dei neste åra gjekk med til å utvikla staden til restaurant og selskapslokale. I 2012 kjøpte Sigvard og Patrick seg inn i bruket saman med Karl Åge Tvedt.

Folkerestauranten – og framtida

I 2022, etter pandemien, tok me inn 145 nye småaksjonærar for å sikra drifta. Slik vart me ein ekte folkerestaurant.

I dag er Mandelhuset i dagleg drift og ope store delar av året. Servering, god mat og selskap er hovudgeskjeften, men puben er òg ein viktig del av huset. Eigedomen er i dag eigd av Patrick Madsen, Sigvard Madsen og Espen Aspenes – Espen kom med på laget då me byrja å sjå på hotellplanar. Kva framtida bringer, med eller utan hotell, vil tida visa.

Me gler oss til fleire eventyr på Vestlandet, med Tysnes som smeltedigel.